Akademiforelesningen i humaniora og samfunnsfag
Årets forelesning i humaniora og samfunnsfag blir holdt tirsdag 15. mars av professor og tidligere elev av Noam Chomsky, Barbara H. Partee.
Emnet for akademiforelesinga i år er semantikk, læra om språkleg innhald og tyding. "Semantikk" kan ha ulik tyding i ulike fag, som psykologi, jus, informatikk, leksikografi, logikk, filosofi, eller lingvistikk. I denne forelesinga vil professor Barbara H. Partee presentere nokre av dei nye tankane og ideane som har forma semantikken sidan 1960-talet.
Foredragsholder: Barbara H. Partee, Distinguished University Professor of Linguistics and Philosophy, University of Massachusetts
Gjennom eit fruktbart samarbeid mellom lingvistar, filosofar og logikarar har det dei siste 40 åra vakse fram ei forskingsretning kalla formell semantikk. Denne forelesinga vil vise korleis debattar og framsteg innanfor formell semantikk har vore knytte til fundamentale problemstillingar i språkteori, filosofi og kognisjonsvitskap, og ho vil komma inn på spørsmålet om tilhøvet mellom naturvitskap og humaniora i ein slik samanheng.
Barbara H. Partee er emeritert professor i lingvistikk og filosofi ved University of Massachusetts. Gjennom fleire tiår har ho vore ein av dei fremste teoretikarane i grenseområdet mellom lingvistikk, filosofi og logikk, og ho er framleis aktiv med viktige forskingsbidrag på feltet. Ho er særleg oppteken av forholdet mellom syntaks, pragmatikk og logikk, og tilgrensande område i språkfilosofi og kognisjonsvitskap, mellom anna samanhengen mellom språkleg form og språkleg innhald (syntaks og semantikk). Mykje av forskinga hennar har dreidd seg om formallogiske representasjonar av mengdesuttrykk (kvantorar) i forskjellige språk. Eit anna felt der ho har gjeve viktige bidrag, gjeld logikk og formell semantikk i høve til informasjonsstruktur i setningar. Den nyaste forskinga hennar gjeld m.a. prototypeteori i samband med adjektiv, og forholdet mellom nominaluttrykk og verbalaspekt.
- Les mer om foredraget i denne artikkelen.
Akademiforelesninga for humaniora og samfunnsfag vert arrangert på Det Norske Videnskaps-Akademi 15. mars. Deltaking berre etter invitasjon.