Korleis kan eg vite at ei bok er god?
Journalist og litteraturkritiker Marta Norheim stiller spørsmålet Korleis kan eg vite at ei bok er god? i sitt foredrag på Akademiets formiddagsmøte 14. oktober. Møtet holdes i Akademiets hus og ledes av Stein Evensen.
Litteraturkritikarar, kunstkritikarar, filmkritikarar og teaterkritikarar feller dommar over ulike kunstverk.
Dette er ein vel etablert praksis, som det er vel verdt å tenkje gjennom: Korleis veit dei at ei bok, ein film eller eit kunstverk er bra saker? Ser dei noko som ligg i verket sjølv, eller skjer det meste inne i hovudet til kritikaren?
Nokon vil hevde at det berre er snakk om meir eller mindre kvalifisert synsing og at det som føregår før dommen fell rett og slett er ein manøver basert på fordommar.
Om Marta Norheim:
Marta Norheim er journalist og litteraturkritiker, mest kjent som kulturjournalist i NRKs P2. Ho vil reflektere over kritikkens rolle, arbeidsmetodar og dilemma.