Latinske bokfragment frå mellomalderen - kulturarv som skapt for den digitale tidsalder
Minnetale over Knut Kleve ved Øivind Andersen
Minnetale over Dag Østerberg ved Rune Slagstad
Professor Åslaug Ommundsen - Latinske bokfragment frå mellomalderen - kulturarv som skapt for den digitale tidsalder
Dei fleste norske handskriftene frå mellomalderen lei ein ublid skjebne etter Reformasjonen i 1537, det gjaldt ikkje minst handskrifter på latin til kyrkjeleg bruk. Men takka vere gjenbruk av pergamentet i rekneskapsinnbindingar frå 15- og 1600-talet kan me i alle fall få eit visst inntrykk av denne spanande delen av norsk og europeisk kulturarv og bokhistorie. Mange tusen enkeltfragment er plukka ut av innbindingane og kan puslast saman att. Ved Universitetet i Bergen eksperimenterer me med korleis me best kan formidlefragmentforskinga i den digitale tidsalder. Kan datamaskinen gje liv til dei tapte bøkene.
Åslaug Ommundsen er prosjektleiar for prosjektet Frå handskriftsfragment til bokhistorie, Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studier, Universitetet i Bergen