Menneskerettssymposium

Akademisk fridom anno 2019

"Research and Human Rights"

•    Internasjonal konferanse i regi av DNVA 26.-27.september

•    Gratis deltakelse, men påmelding påkrevd

•    Se mer info og fullstendig program her

 

Akademisk fridom er under press i fleire delar av verda. Jakob Lothe, professor ved UiO og leiar av Akademiets menneskerettskomité, meiner årsakene er samansette. 

Bilde
Jakob Lothe
Jakob Lothe. Foto: Privat.

Respekt for menneskerettar er heilt avgjerande for forskarar, meiner Lothe. Det gjeld særleg ytringsfridom og fridom til å forske fritt. Han viser til at det ikkje berre er forskingas integritet som er utsett, i mange tilfelle kan også forskarens  eigen tryggleik stå på spel. På konferansen i Akademiet 26.-27.september blir søkelyset retta mot nokre av områda der presset mot den akademiske fridomen er sterkast i dag.

-    Dette gjeld dessverre mange land, og på konferansen løfter vi særleg fram situasjonen i Iran, Tyrkia og Ungarn. Årsakene til at akademisk fridom og fri forsking er under press er samansette, men dei har ofte samanheng med at politiske leiarar i det aktuelle landet mislikar det forskarane gjer. Særleg gjeld dette dersom forskinga, slik makthavarane ser det, inneber regimekritikk, sier han.

 
To typar restriksjonar 

Lothe ser to hovudvariantar av forskingsrestriksjonar – direkte og meir indirekte. I dei direkte tilfella kan makthavarane reagere på innhaldet av sjølve forskninga, og han har eit aktuelt eksempel frå Iran: 

-    Ta antropologen Homa Hoodfar, som under eit besøk til heimlandet Iran i 2016 blei arrestert og fengsla sidan ho hadde publisert forsking om kvinners rolle i det offentlege rommet i Iran. Hoodfar, som blei sett fri etter internasjonalt press og no arbeider i Canada, er blant foredragshaldarane på konferansen. Ho vil snakke om «Academic freedom as transnational rights: Reflections from Iran’s Evin prison”.

Når det gjeld eksempel på meir indirekte restriksjonar, viser Lothe til Tyrkia:

-    Der har mange forskarar mista jobben fordi dei har protestert mot brot på menneskerettane i regimets politikk mot kurdarane. Her har tyrkiske forskarar vist mot og eit forskingsetisk engasjement som har basis i forskinga dei utfører. Samtidig som kritikken deira er prinsipiell, er den prega av solidaritet med ei utsett samfunnsgruppe.

Vil styrke DNVAs menneskerettsprofil

Menneskerettskomiteen i Det Norske Videnskaps-Akademi prøver å oppfylle mandatet ved å sende brev til statsleiarar og maktpersonar i land der brot på eller innskrenking av menneskerettane kompliserer forskning. Breva tar opp enkeltsaker og argumenterer for at ein namngitt forskar som for eksempel er fengsla, må setjast fri eller i det minste få betre soningstilhøve. Dokumentasjonen av dei ulike «cases» får komiteen frå det politisk ubundne International Human Rights Network.

-    Konferansen "Research and human rights" som vi no arrangerer, vidarefører konferansen "Forsking og menneskerettar" frå 2015, blant anna ved å invitere foredragshaldarar som har opplevd forskingsrestriksjonar og -sanksjonar på kroppen. Vi håpar at denne konferansen, som også vil resultere i ei bok, vil bidra til å styrke DNVAs menneskerettsprofil, avsluttar Lothe.