Helse, sjukdomar og medisinsk behandling i Norden i vikingtid og mellomalder

Strømmes
Det Norske Videnskaps-Akademi
Arrangører

Professor Ole Didrik Lærum, DNVAs gruppe for Medisinske fag

Professor Else Mundal, DNVAs gruppe for Filologi og språkvitenskap

Professor Ingvil Brügger Budal, Høgskulen på Vestlandet

Forsker Helen F. Leslie-Jacobsen, Universitetet i Bergen

Professor Bernt Øyvind Thorvaldsen, Universitetet i Sørøst-Norge.

Institusjonar som har gjeve økonomisk støtte: Det Norske Videnskaps-Akademi, Universitetet i Bergen, Høgskulen på Vestlandet, Universitetet i Sørøst-Norge

Tverrfagleg seminar arrangert i samarbeid mellom Gruppe for medisinske fag og Gruppe for språk og filologi

Sjå opptak av seminaret her:

 

Bilde
Foto av kvannplante
Kvann har vore mykje brukt som medisin- og nytteplante opp gjennom historia. Foto: Pixabay

Synet på helse, sjukdomar og behandling av sjukdomar er tema som gjev innblikk i kvardagslivet til menneska i mellomalderen. Eit godt liv og god helse var truleg like viktig for dei som for oss i dag, men dei stod dårlegare rusta til å møte sjukdomar og til å kunne lækje skadar enn vi er. Kjeldene viser oss at dei prøvde så godt dei kunne, med å bruke plantemedisin, magi, bøn til Gud og helgenar, og at dei ivrig plukka opp ny kunskap som dei fekk kjennskap til gjennom kontakten med sørlegare område.

Bilde
Teikning av vikingar i slag
Norrøne skrifter fortel om skade- og sårbehandling under vikingtida.

Det norrøne kjeldematerialet, i særleg grad ulike sagagenrar, lover, mirakel i legendelitteraturen og legebøker, er relativt rike kjelder. Også det arkeologiske materialet og til dels andre kjeldegrupper kan gje oss viktige opplysningar. 

Bilde
Teikning av pestmaske frå mellomalderen
Pestmaske frå mellomalderen.

Dette tverrfaglege seminaret har som mål å få fram ny forsking på dette viktige forskingsfeltet. Arrangørar og foredragshaldarane representerer medisin, psykiatri, psykologi, norrøn filologi, runologi, historie, rettshistorie, kunsthistorie/kyrkjehistorie, folkeminne, arkeologi, osteoarkeologi og botanikk/plantemedisin. 

Bilde
Bilde av årelating i mellomalderen
Årelating var ein mykje brukt metode i mellomalderen. Framstilling frå mellomalderen.

Praktisk informasjon: 

Påmelding via skjema nederst på sida. Det er ein egenandel på kr 500 per person, som kan betalast inn på konto nr 1600 47 21 288 ved påmelding. Egenandelen inkluderer lunsj og pauseservering begge dagar, og middag første dag. Om du ikkje vil delta på middagen er egenandelen kr 250. 

Grunna koronasituasjonen er talet på plassar avgrensa, og vi reknar med at dei som melder seg på er med på heile seminaret.

Seminaret vil også bli streama. Dersom du følgjer seminaret digitalt treng du ikkje å melde deg på. Streamen vert å finne her på denne sida. 

Ta kontakt med Gro Havelin på epost gro.havelin@dnva.no om du har spørsmål.

Program

28. september

09.00 – 09.15 Seminaropning

09.15 – 09.35: Else Mundal: Dei norrøne skriftlege kjeldene til helse, sjukdomar og medisinsk behandling 

9.35 – 9.45: Diskusjon

Kaffipause

10.00 – 11.00 Første panel: Sjukdomar

Erla Dóris Halldórsdóttir: Spedalskhet på Island og i Norge i tidligere hundreår. Via Zoom

Stian Suppersberger Hamre: Beinmaterialet som kilde til sykdomshistorie. Via Zoom

Ole Didrik Lærum: Pest i Mellomalderen

11.00 –11.45: Diskusjon

12.00 –13.00 Lunch

13.00 – 14.00 Andre panel: Behandling av sjukdom og skade

Alf Tore Hommedal: Ei helsereform på 1200-talet? Om etableringa av hospital i dei norske byane (med vekt på Bergen). Via Zoom

Per Arvid Åsen: Legeurter fra vikingtid og middelalder. Via Zoom

Jørn Øyrehagen Sunde: Sår på kropp og sjel – og lækingsløn for begge delar. 

14.00 – 14.45: Diskusjon

14.45 – 15.15 Kaffipause

15.15 – 16.15 Tredje panel: Behandling av sjukdom og skade

Kristin Bliksrud Aavitsland: “Ved hans sår har vi fått legedom”: Helse og frelse i nordisk middelalder

Ragnar Stien: Leger og legeutdannelse i sagatiden

Jon Gunnar Jørgensen: "Har du ikke hørt at jeg er lege?" Helbredelse og legevirksomhet i Olav den Helliges saga. 

16.15 – 17.00: Diskusjon

17.00 – 17.15 Kaffipause

17.15 – 17.35: Ingvil Brügger Budal: Å baka stumpane heile ved elden. Medisinsk behandling i fornaldarsogene. Via Zoom

17:35 – 17:45 Diskusjon

18:30 Middag

*

29. september

09.00 – 09.30: Fabian Schwabe: Kontinentaleuropeiske trekk i norrøne legebøker. Via Zoom

09.30 – 09.50 Diskusjon

09.50 – 10.10 Jens Eike Schnall: Frå Iduns eple til lækjarens lauk. Førestellingar om mat og helse i nordisk mellomalder. Via Zoom

10.10 –10.20 Diskusjon

Kaffipause

11.00 –12.00 Fjerde panel: Mental helse

Helen F. Leslie-Jacobsen: Sinnssykdom og strafferettslig ansvarlighet i norske lover i middelalderen. Via Zoom

John Geir Høyersten: Personlighetstyper og forstyrrede personligheter i norrøn tid. Sagatekstenes skildringer og vurderinger (Innlegget blir presentert av Ole Didrik Lærum)

Kitty Dahl: Depresjon og angst i norrøn tid (Innlegget blir presentert av Else Mundal)

12.00 – 12.45 Diskusjon

12.45 – 13.45 Lunch

13.45 – 14.45: Femte panel, Helse, medisin og magi

Bernt Øyvind Thorvaldsen: Helse og lykke. Via Zoom

Herleik Baklid: “Eldr við sóttum”. Middelalderens medisin i nyere folkemedisin. Via Zoom

Kristel Zilmer: Runer, helse og helbredelse

14.45 – 15.30 Diskusjon

15.30 – 16.00 Kaffipause

16.00 – 17.15 Tid satt av til korte diskusjonsinnlegg om spørsmål som treng meir forskning, spørsmål det har vore vanskeleg å gje svar på, spørsmål vi har lite kjeldar til.  

17. 15 –17.30 Seminaravslutning