Magnus Lagabøters Landslov 750 år
Møtet åpner med at Bård Smedsrød holder minnetale over Rolf Seljelid og Sverre Bagge holder minnetale over Ståle Dyrvik.
Akademimøtene arrangeres månedlig gjennom året. På møtene holdes det vitenskapelige foredrag, og det blir også holdt minnetaler over medlemmer som har gått bort. Møtene er åpne.
Møter vårsemesteret 2024
Januar: Magnus Lagabøters Landslov 750 år
Februar: Er usikkerhet om rettigheter til data til hinder for en datadrevet økonomi?
April: Kvanteprikker — kvanteverdens lyskilder
Møter høstsemesteret 2024
September: Protonterapi – fysikk møter medisin
Oktober: Aktivisme og ansvar i skandinavisk samtidslitteratur
November (i Bergen): Why do respiratory viruses commonly cause pandemics?
November: Valget i USA – Hva nå?
Desember: Min, din og vår historie: Kulturarven som samfunnets ressurs
Magnus Lagabøters Landslov 750 år – Eit storverk i norsk historie og europeisk rettshistorie. Kong Magnus 6. Lagabøter er kongen som ikkje skulle bli konge. Landslova er kjernen i eit lovprosjekt som vart avvist, og som fort kunne ha stranda.
Foredrag av Jørn Øyrehagen Sunde, professor ved Institutt for offentlig rett, Universitetet i Oslo.
Se opptak her
Likevel vart kong Magnus ein av fire monarkar i Europa som klarte å laga ei riksdekkjande lovbok i mellomalderen, og Landslova forma det norske samfunnet i over 400 år. Det seier mykje om kongen og lovarbeidet hans at pave Nikolaus 3. i 1279 gav alle som bad ei forbønn for kongen 100 dagars avlat, eit privilegium knapt nokon annan konge fekk i dette hundreåret. Men kven var eigentleg denne kongen, og kva slags lovbok var eigentleg Landslova? Forskinga fram mot 750 års-jubileet for Landslova i 2024 har lagt til mykje ny kunnskap om norsk politikk, samfunn og rett på 1200-talet.
Jørn Øyrehagen Sunde (f. 1972) tok doktorgraden ved Det juridiske fakultet i Bergen i 2007, vart same året professor i rettshistorie der. Han var 2002-2020 forskar ved museet Baroniet Rosendal, var mellom 2008 og 2010 professor 2 ved Mellomaldersenteret i Bergen, har sidan 2019 òg vore forskar ved Nasjonalbiblioteket, og vart same året tilsett som professor ved Institutt for offentleg rett i Oslo. Sunde har publisert sju bøker, redigert ytterlegare 13 bøker, publisert 83 fagfellevurderte artiklar og bokkapittel, har tre gonger fått førelesarprisen ved Det juridiske fakultet, fekk i 2012 Meltzerprisen for framifrå forskingsformidling, og i 2023 fekk han Sarton-medaljen ved Universitetet i Gent for framifrå rettshistorisk forsking.