Formiddagsmøte

«Wallah bro, hva skjer man?» Den nye norsken i fleirspråklege ungdomsmiljø

For medlemmer
Det Norske Videnskaps-Akademi, Drammensveien 78, Oslo

Foredrag ved Unn Røyneland: "«Wallah bro, hva skjer man?» Den nye norsken i fleirspråklege ungdomsmiljø"

«Den nye norsken» kallar nokre av ungdommane i fleirspråklege bymiljø den språkstilen som har vakse fram der dei bur, og seier samtidig at dette er deira «dialekt» som uttrykker kor dei kjem frå både geografisk, kulturelt og sosialt. Men talestilen er ikkje så heilt ny lenger. Det er godt over 20 år sidan ein først byrja å forske på desse multietnolektiske språkpraksisane, som i media gjerne blir referert til som «kebabnorsk». Språkstilen har etter kvart funne vegen frå den interne bruken blant vener og i undergrunns-hip-hop til ordbøker, skjønnlitteratur og teaterscene. Det at talestilen etter kvart også har vorte tatt i bruk i skrift, ser vi ikkje minst tydeleg på sosiale medium der det å bruke korrekt teiknsetjing og ortografi ikkje nødvendigvis er det som gir høgast status. I presentasjonen vil eg diskutere framveksten, spreiinga, bruken av og også haldningane til denne måten å snakke og skrive norsk på. 

Bilde
Foredragsholder formiddagsmøte 12. mars 2024
Unn Røyneland Foto: Universitetet i Oslo

Unn Røyneland er professor i nordisk språkvitenskap og flerspråklighet ved Universitet i Oslo. Siden 2015 har hun vært nestleder og leder for Senter for flerspråklighet (MultiLing), et senter for fremragende forskning ved UiO.