Helse, sjukdommar og medisinsk behandling i Norden i vikingtid og mellomalder
Førehandsbestill boka for kr 399,- inkludert frakt.
Følg denne lenka for å førehandsbestille
Bestillingsfrist er 15. oktober 2024
Boka «Helse, sjukdomar og medisinsk behandling i Norden i vikingtid og mellomalder» kan no førehandbestillast.
Boka blir utgitt på Spartacus Forente Forlag AS i samarbeid mellom Videnskapsakademiet og Torleif Dahls Kulturbibliotek. Boka byggjer på seminaret med same namn, som vart arrangert i Videnskapsakademiet.
Ole Didrik Lærum til minne
Då Ole Didrik Lærum døydde 24. januar 2023, stod han midt i arbeidet med å redigere boka Helse, sjukdomar og medisinsk behandling i Norden i vikingtid og mellomalder. Han hadde sjølv vore med på å arrangere seminaret i Det Norske Videnskaps-Akademi, som dei fleste av artiklane i denne boka byggjer på, og han tok med glede og entusiasme på seg arbeidet med å vere ein av redaktørane trass i at han hadde meir enn nok å gjere.
Ole Didrik Lærum tok medisinsk embetseksamen ved Universitetet i Oslo i 1965 og doktorgrad ved det same universitetet i 1969. Men det var ved Universitetet i Bergen han kom til å leggje ned det meste av si store arbeidskraft. Her vart han knytt til Gades institutt som dosent i eksperimentell patologi og onkologi i 1974 og som professor frå 1980 til han gjekk av for aldersgrensa i 2010. Etter det ville han gjerne halde fram med forskingsarbeidet sitt, og vart då knytt til Københavns Universitet som adjungtert professor heilt til han døydde. Han var ein internasjonalt kjend kreftforskar og patolog og hadde stor vitskapleg produksjon. Ole Didrik Lærum var ein forskar som stod i forskingsfronten, og samstundes makta han å gjere forskinga si kjend for eit vidare interessert publikum som då han populariserte forskinga si på mennesket si innebygde biologiske klokke og biologiske rytmar i bøkene Mennesket og biorytmene (1983) og Mennesket og tida (1999). Frå forskingsfronten såg han ikkje berre framover i arbeidet med å finne botemiddel mot farlege sjukdomar. Han såg også bakover til eldre tider då kunnskapane om sjukdomar var betydeleg mindre, men menneska likevel, så godt dei kunne, prøvde å lækje sjukdomar og skader.
Ole Didrik Lærum var ein person som sjeldan sa nei, og gav mykje av kunnskapane sine til mange. Interessene hans stansa ikkje ved medisinen. Han arbeidde også som lokalhistorikar og kulturhistorikar, han spelte fleire instrument, og han var ein elska foredragshaldar som kunne snakke om alle fagfelta sine med stor kunnskap og like stor humor.
Innanfor akademia har han også sett djupe spor etter seg som forskingspolitikar og administrator. Han var prorektor og rektor ved Universitetet i Bergen 1984-1995, styreleiar i Norges Forskningsråd 1992-94, og preses og visepreses i Det Norske Videnskaps-Akademi 2005-2008.
Då Ole Didrik Lærum døydde midt under redigeringsarbeidet av Helse, sjukdomar og medisinsk behandling i Norden i vikingtid og mellomalder, vart det naturleg å tileigne han boka. Medredaktørane inviterer alle som kjende han som kollega, lærar, forfattar, foredragshaldar og korpsmedlem – og alle andre som ynskjer å heidre minnet til Ole Didrik Lærum, til å førehandsbestille boka som inneheld eit par av dei siste arbeida frå hans hand, og dermed få namnet sitt på Tabula memorialis.
*
Førehandsbestilling av boka
Boka blir utgitt av Spartacus Forente Forlag i samarbeid med Videnskapsakademiet og Torleif Dahls Kulturbibliotek.
Du kan førehandsbestille boka for kr 399,- og få den tilsendt med gratis frakt. Du kan betale med VIPPS # 921765 eller til bankgiro 1600 47 21 288. Merk betalinga med "VIKING" og ditt namn.
Fyll ut dette skjemaet for å bestille.
Dersom du har praktiske spørsmål, ta kontakt med Gro Havelin på telefon 22 84 15 00 eller epost gro.havelin@dnva.no
*